pod.link/1635409693
pod.link copied!
Tru og meining i gammal tid
Tru og meining i gammal tid
Eldar Heide

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om... more

Listen now on

Apple Podcasts
Spotify
Overcast
Podcast Addict
Pocket Casts
Castbox
Podbean
iHeartRadio
Player FM
Podcast Republic
Castro
RSS

Episodes

78. Tidsrekning 1: årsinndelinga og høgtidene. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus

I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år... more

15 Dec 2024 · 1 hour, 25 minutes
77. Samiske trommer. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart... more

01 Dec 2024 · 1 hour, 13 minutes
76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler

Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000... more

17 Nov 2024 · 1 hour, 19 minutes
75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så... more

03 Nov 2024 · 1 hour, 14 minutes
74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide

Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull... more

20 Oct 2024 · 1 hour, 22 minutes
73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard

Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for... more

06 Oct 2024 · 1 hour, 22 minutes
72. Gresk-romersk, norrøn og samisk religion i kontrast til kristendomen. Samtale med religionshistorikar Christian Hervik Bull

Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei... more

22 Sep 2024 · 1 hour, 45 minutes
71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund

Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det... more

08 Sep 2024 · 1 hour, 54 minutes
70. Sakrale stadnamn og religiøst landskap

Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om... more

25 Aug 2024 · 1 hour, 48 minutes
69. Nornene: Spennande på ein annan måte enn vi trudde. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og... more

11 Aug 2024 · 2 hours, 6 minutes
68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus

Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på... more

28 Jul 2024 · 1 hour, 43 minutes
67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang

Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein... more

14 Jul 2024 · 52 minutes
66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien,... more

30 Jun 2024 · 1 hour, 31 minutes
65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide

Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda... more

16 Jun 2024 · 1 hour, 43 minutes
64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i... more

02 Jun 2024 · 49 minutes
63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl

Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar... more

19 May 2024 · 1 hour, 44 minutes
62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech

Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei... more

05 May 2024 · 1 hour, 21 minutes
61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell

Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og... more

21 Apr 2024 · 2 hours,
60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren

Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred... more

07 Apr 2024 · 1 hour, 21 minutes
59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus

Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye... more

24 Mar 2024 · 1 hour, 56 minutes
58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien

Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag.... more

10 Mar 2024 · 1 hour, 43 minutes
57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen

Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg... more

25 Feb 2024 · 1 hour, 41 minutes
56. Seiðr, spinning og ku-lokk

Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar,... more

11 Feb 2024 · 1 hour, 26 minutes
55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar

Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant... more

28 Jan 2024 · 1 hour, 31 minutes
54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del... more

22 Jan 2024 · 1 hour, 25 minutes
53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen

Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem... more

29 Dec 2023 · 1 hour, 26 minutes
52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon

Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut... more

18 Dec 2023 · 59 minutes
51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen

Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med... more

03 Dec 2023 · 1 hour, 32 minutes
50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova

Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4... more

19 Nov 2023 · 1 hour, 51 minutes
49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen

På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å... more

05 Nov 2023 · 1 hour, 51 minutes
48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk

I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring... more

22 Oct 2023 · 1 hour, 45 minutes
47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson

Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle... more

08 Oct 2023 · 1 hour, 31 minutes
46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda

Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do... more

24 Sep 2023 · 1 hour, 23 minutes
45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge

Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa... more

10 Sep 2023 · 1 hour, 9 minutes
44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm

Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje... more

27 Aug 2023 · 1 hour, 42 minutes
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?

Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde... more

13 Aug 2023 · 1 hour, 11 minutes
42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård

I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar... more

30 Jul 2023 · 1 hour,
41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson

I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke... more

16 Jul 2023 · 1 hour, 36 minutes
40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200... more

02 Jul 2023 · 1 hour, 33 minutes
39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid

Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa... more

21 Jun 2023 · 1 hour, 4 minutes
38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking

Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt?... more

04 Jun 2023 · 1 hour, 12 minutes
37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag

Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane.... more

21 May 2023 · 1 hour,
36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset

Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt... more

07 May 2023 · 1 hour, 11 minutes
35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande

Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande,... more

23 Apr 2023 · 1 hour, 8 minutes
34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis

I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til... more

16 Apr 2023 · 44 minutes
33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?

Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet... more

09 Apr 2023 · 55 minutes
32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining

Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han... more

02 Apr 2023 · 1 hour, 15 minutes
31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard

I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida... more

26 Mar 2023 · 36 minutes
30. Samisk magisk fiske på 1100-talet

Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode... more

19 Mar 2023 · 35 minutes
29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák

Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need... more

12 Mar 2023 · 38 minutes
28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff

Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men... more

05 Mar 2023 · 45 minutes
27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori

Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar... more

26 Feb 2023 · 48 minutes
26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru

Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag... more

19 Feb 2023 · 38 minutes
25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen

Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive... more

12 Feb 2023 · 47 minutes
24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale... more

05 Feb 2023 · 46 minutes
23. Tabuspråk

Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg... more

30 Jan 2023 · 50 minutes
22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell

The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung... more

22 Jan 2023 · 39 minutes
21. Kropp og sjel i førkristen tid

Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell... more

15 Jan 2023 · 54 minutes
20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen

Oseberg-  og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og... more

08 Jan 2023 · 34 minutes
19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla

Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel,... more

01 Jan 2023 · 39 minutes
18. Alvedronninga som reiste heim til jul

Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med... more

24 Dec 2022 · 29 minutes
17. På førjulsblot hos ny-heidningar

Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer... more

18 Dec 2022 · 35 minutes
16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade

I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er... more

11 Dec 2022 · 45 minutes
15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson

The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But they are only handed down to us in... more

04 Dec 2022 · 40 minutes
14. Trekantdrama og trolldom i 1324

To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har... more

27 Nov 2022 · 22 minutes
13. Kristninga. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

Når vart Norden kristna? Kva motiv hadde dei som fekk det til å skje? Kva strategiar brukte dei? Var det... more

20 Nov 2022 · 1 hour, 4 minutes
12. Odin hengde seg i verdstreet, ofra til seg sjølv

I fem strofer i Håvamål fortel Odin korleis han i urtida hengde seg sjølv i verdstreet og såra seg sjølv... more

13 Nov 2022 · 24 minutes
11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar

Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i... more

06 Nov 2022 · 16 minutes
10. Ære og kjønnsroller - sex, blodhemn og mjølkestell

Vi ser på æressystem i samband med kjønnsroller i vikingtidssamfunnet på Island slik vi møter det særleg i islendingsogene, med... more

30 Oct 2022 · 34 minutes
9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen

I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600... more

23 Oct 2022 · 39 minutes
8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar

Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten,... more

16 Oct 2022 · 38 minutes
7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund

Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar... more

09 Oct 2022 · 44 minutes
6. Tor - macho, latterleggjort og tvitydig

Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho,... more

02 Oct 2022 · 29 minutes
5. Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola

In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular... more

25 Sep 2022 · 37 minutes
4. Vardøger - tanken din som varsel og drone

Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed... more

17 Sep 2022 · 18 minutes
3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson

Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske... more

04 Sep 2022 · 22 minutes
2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj

I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert... more

04 Sep 2022 · 17 minutes
1. Velkomen til Tru og meining i gammal tid!

Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.

04 Sep 2022 · 9 minutes
Tru og meining i gammal tid
2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj
Tru og meining i gammal tid
0:00
-0:00

Listen now on

Apple Podcasts
Spotify
Overcast
Podcast Addict
Pocket Casts
Castbox
Podbean
iHeartRadio
Player FM
Podcast Republic
Castro
RSS

Description

I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking... more